gammel brostein

– Neste mål er OL i svømming

Ida Sey (41) håper ho får mogelegheita til å gå på fleire symjekurs. Foto: Katharina Nitter Gudmundsen

No kan alle kvinner lære å symje. Landåshallen tilbyr symjekurs, og menn har ingen adgang.

Fysakeinheten arrangerar i samarbeid med Bergens Svømme-og Livredningsklubb eit symjekurs for fleirkulturelle kvinner i Landåshallen. Alle kursa er fulle.

Eit viktig tilbod

Tre av deltakarane er Ida Bandeh, Ida Sey og Fatoumata Sagna. Dei føler dei lærer mykje på kursa.

–  Det er naudsynt å lære seg å symje når ein bur i Noreg. I Gambia og Senegal, der vi er frå, er det veldig få slike tilbod. Det er livsfarleg å symje i elver og sjø og det fins nesten ingen offentlege badebasseng, seier Ida Bandeh.

– Men no kan vi til og med vere med å symje når vi er på stranda med borna! seier Ida Sey.

– Ein føresetnad for å lære å symje

Irene Hjelmaas meinar kurset er ei forutsetning for å lære kvinnene å symje. Foto: Solveig Sæther

Leiar i Bergens Svømme-og Livredningsklubb, Irene Hjelmaas, ser eit klårt behov for slike kurs. Ho forklarar at mange av kvinnene ikkje kan bade i offentlege basseng.

–  Mange av desse kvinnene kjem frå kulturar der det er problematisk å vise hud framfor menn. Kursa er derfor for mange ein føresetnad for i det heile tatt å lære å symje.

For at det skal komme flest mogeleg kvinner på kurset, har Bergen Svømme-og Livredningsklubb bestemt at det berre skal vere kvinnelege instruktørar og badevakter.

– Her er vi strenge: Ingen menn har adgang, seier Irene Hjelmaas.

– Ein dag var det ein mann som såg inn vindauget på kvinnene som symde. Då blei dei frå seg, fortell ho vidare.

Går på med dødsforrakt

Fatoumata Sagna (46) siktar høgt. Neste mål er OL i symjing. Foto: Katharina Nitter Gudmundsen

– Mange av kvinnene er ganske redde. Dei har ikkje vore i vatn før. Men dei gjev seg ikkje, seier Hjelmaas.

– I starten av kurset var eg redd. Dei første gongane symde eg bakover, seier Ida Bandeh.

– Eg visste ikkje om eg ville klare å lære å symje. Derfor tok eg på meg badedrakta og øvde på å svømme i senga, ler Ida Sey.

No er saken ein heilt annan.

– Neste OL skal eg delta på symjing! seier Fatoumata Sagna (46) med eit lurt smil.

– Vi vil absolutt anbefale dette kurset. Vi vil gjerne at dei forsett å tilby det. Det vil alltid vere behov for slike kurs, seier kvinnene.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *