gammel brostein

Raúl Vera vant Raftoprisen

Leiaren for priskomiteen Siri Gloppen kunngjorde torsdag kven som fekk årets Raftopris. (Foto: Ida Kristine Ervik)

José Raúl Vera López frå Mexico er tildelt Raftoprisen 2010. Den katolske biskopen frå Saltillo kjem til Noreg i november for å motta premien.

José Raúl Vera López frå Mexico vant Raftoprisen 2010. (Foto: www.rafto.no)

– Vi har for fyrste gong delt ut prisen til ein person i Sør-Amerika, seier styreleiar i Raftostiftelsen, Anne Kloster Holst. I det siste har nyhende frå Mexico vore prega av elende, men at Raúl Vera vant Raftoprisen skaper håp om ei betre framtid.

Handlar ikkje om pengane

Raftoprisen er ein pris som sidan 1987 blitt delt ut til personar som kjempar for menneskerettar og rettferd, på ein ikkje-valdeleg måte. Sjølve premien er 10 000 dollar og ei utmerking for innsatsen. Siri Gloppen, leiar for priskomiteen i Raftostiftelsen, håpar at prisen gjev biskopen styrke til å fortsetje vidare med arbeidet sitt.

Anne Kloster Holst er nøgd med årets prisvinnar. (Foto: Ida Kristine Ervik)

– Det handlar ikkje om pengepremien, men om det å setje søkelys på den alvorlege situasjonen i heimlandet til Raúl Vera, seier Gloppen.

– Sett vekk i frå dei siste vekene, har det våre lite fokus på dei underliggjande problema i Mexico, fortel ho.

Kjempar for rettvise

Biskopen kjempar for rettvise blant svake folkegrupper i heimlandet. Store delar av folkestanden i Mexico lever i ein desperat situasjon i kjølvatnet av omfattande narkotikatrafikk og brutale maktkampar mellom narkobaronar. Prisvinnaren snakkar med uredd røyst mot korrupte personar, som ofte finnast i militæret, politikken og rettsapparatet. Han arbeider for å betre vilkåra til dei utsette og undertrykte. Særleg kvinner og migrantar står sentralt.

Lang veg

Etter mange månaders arbeid er det duka for prisutdeling ved Den Nationale Scene 7. november. Siri Høibo, som er leiaren for studentgruppa i stiftinga, fortel at styret byrja å sjå på dei nominerte allereie i januar.

– Vi brukte seks månadar på å kome fram til vinnaren. Det var mange kandidatar, så vi måtte bakgrunnssjekke dei, forsikre oss om at dei hadde det rette fokuset og finne ut kvar ein pris best kunne hjelpe, seier Hiøbo.

1 comment for “Raúl Vera vant Raftoprisen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *